Podkastmusikal

«Himmel under hav, songar frå Underwater Bar» kjem som podkastmusikal søndag 6. november. Dei andre delane blir lagt ut 13. 20. og 27 november.

Skodespelarane Marie Blokhus og Torfinn Nag har de to verbalrollene i stykket, forteljaren og faktagranskaren.

Handlinga i musikalen er lagt til Underwater Bar på botnen av Nordsjøen og utspelar seg etter ei tragisk helikopterulukke. Dei forulukka blir tatt hand om av andre forliste frå tidlegare ulukker. Dei koplar seg til nettet og kjem i kontakt med menneske som har gått under i andre hav; i krig, ulukker og migrasjon. Underwater Bar fungerer også som en slags tenketank der tema som politikk, økonomi, krig, klima, migrasjon og tro blir diskutert.

Marie Blokhus starter podkasten slik:

«Hei, eg skal ta deg med på ei reise i teknologi, katastrofar og mirakel. Vi er på ein plass der teknologien går over i det merkverdige, ein plass med himmel under hav, ein plass der både teknologi, katastrofer og mirakel utfordrar menneske på liv og på død»

Rett utanfor vindauget i Underwater Bar ligger alle typar kablar og rørgater til og frå kontinentet. Dessverre er musikalen uventa aktuell i disse dagar, med strøm og internett-kablar, olje og gass-rør. Menneska i Underwater Bar merker også krigen, ser ubåtar passere og er klar over at det finnes militære elektroniske lytte-bøyer rett utanfor baren.

Vi får blant anna høre historiene til internettet, helikopteret og ubåten. Det er også informasjon om skip, ubåt og helikopterulykker. Havet står sentralt i stykket. Det same gjør krig. Men mest av alt handlar stykket om relasjoner, savn og kjærlighet.


Posted