NRK 2 sender ”Musikk til en klode” laurdag 24. oktober kl 2045.
Stavanger Symfoniorkester framfører det 10 min lange verket med Sigurd Slåtttebrekk, Mary Black og Ole Edvard Antonsen som solistar. Dirigent er Ray Farr.
Programmet som skildrar FN sitt arbeid og idé, vart laga til FN si 50 års markering i 1995 av Sebra Film AB med Bengt Jonson som regissør.
NRK har sender ”Musikk til en klode” kvart år.
Musikken finst på CDen «Visjonar-Visions” som du kan du få kjøpt ved å sende melding til rbjerkre@online.no. (Kr 100,- + porto)
Andre verk på CDen er ”Bøn for år 2000” til tekst av Alfred Hauge, Spirit of Nansen, og Blue Flavour.